NM terrengløp kort løype og stafett 9.-10.4 Åheim, Vanylven
Pressemelding og informasjon
NM terrengløp arrangeres 9.-10.4
Informasjon her:

Er du interessert i å delta, kontakt Hermann eller Jan Erik

Siste info fra arrangøren:

NM TERRENGLØP ÅHEIM 9. OG 10 APRIL.

Åheim IL inviterer til Norgesmesterskapet i terrengløp korte løyper og stafett 9. og 10 april. Ca 100 av dei beste løparane i Noreg i klassene junior, senior og veteran stiller på startstreken for å avgjere kven som kan kalle seg norsk mester. Terreng-NM markerer opptakta til ein lang og innholdsrik friidrettssesong, og vert den første testen på korleis forma er etter ein lang treningsvinter.

I herreklassa satsar fleire på å kunne gje vinnaren for to år tilbake og favoritt i år, Trond Idland frå Gjesdal, kamp om tittelen. I dameklassa vert det truleg eit oppgjer mellom dei to Tjalvejentene, noverande rekordhaldar på 3000 meter hinder, Susanne Wigene, og den forrige rekordhaldaren, Hanne Lyngstad. Elles stiller fjoråret sin ”komet” i juniorklassa, Ingunn Opsal frå Minerva. Og på stafetten søndag stiller olympisk deltakar, Trine Pilskog frå Hareid, på Møre og Romsdal sitt kretslag som siktar seg inn på medalje. Av lokale deltakarar ventast Kristian Nedregård frå Ålesund og dei to Ørstajentene Silje Fjørtoft og Kristine Eikrem Engeset å kunne kjempe i toppen.

Heile bygda står bak når det vesle idrettslaget har teke på seg oppgåva å arrangere eit Norges-mesterskap. I tillegg til NM vert det barneløp og folkeløp med over 200 deltakarar. Etter dei individuelle løpa over 2000 og 3000 meter på laurdag, vert det premieutdeling med kakebord og bildeshow på storskjerm i Olivinhallen. Søndag byr ein på skulestafett i tillegg til den ordinære stafetten mellom kretslaga.

Sjølv om det visstnok skal spelast nokre fotballkampar denne dagen, håpar vi presse og media gjer riktige prioriteringar og dekkjer arrangementet på Åheim. Det er ikkje kvardagskost at eit Norgesmesterskap blir arrangert på våre kantar og at eit så lite idrettslag tar på seg ei slikt arrangement. I tillegg vil dette vere med og skape mangfald, eller i alle fall variasjon i ei overmetta fotballhelg. Vel møtt på Åheim til ei spennande og triveleg idrettshelg med gode sportslege prestasjonar.
 
(16.03.2005 12:26) (275 treff)